Samfunnstryggleik
Samfunnstryggleik handlar om evna samfunnet har til å halde oppe viktige funksjonar og vareta liv, helse og grunnleggjande behov under ulike former for påkjenningar.
Luftfartstilsynets arbeid med samfunnstryggleik tar utgangspunkt i Samferdselsdepartementets strategi frå 2015. Risikovurderingar bidrar til førebygging av hendingar, mellom anna igjennom auka bevisstgjering av luftfartsaktørar og oversikt over kva scenario som kan innebere størst risiko. Det siste kan vere med på å målrette eigen inspeksjonsaktivitet.
Vi i Luftfartstilsynet samarbeider med både nasjonale og internasjonale aktører, som Politiets tryggingsteneste, Nasjonalt tryggingsorgan, Forsvarets forskningsinstitutt og ICAO.
Luftfartstilsynet har døgnkontinuerleg beredskapsvaktordning og bruker krisehåndteringsverktøyet RAYVN. Dette bidrar til auka beredskap og betre evne til å handtere krisar. Samfunnstryggleik handlar også om å sikre kritiske objekt, system og funksjonar. Arbeidet er med på å førebyggje hendingar som i verste fall kan føre til stans i luftfarten og fare for liv og helse.