Luftfartstilsynets reaksjonspolicy
Når Luftfartstilsynet vert merksam på brot på luftfartslova og anna regelverk som vi forvaltar, kan vi ta i bruk ulike verkemiddel.
Den ordinære tilsynsprosessen, saman med råd, rettleiing og informasjon, er ofte tilstrekkeleg. I reaksjonspolicyen finst fleire tiltak som Luftfartstilsynet kan ta i bruk når pålegg eller påbod ikkje vert etterkome.
Formål
Luftfartstilsynet har fått eit breitt spekter av oppgåver for å vareta samfunnet sitt krav om ein sikker, samfunnsnyttig og berekraftig luftfart. Dette dokumentet gir uttrykk for policyen vår for håndtering av brot på luftfartslova, arbeidsmiljølova og anna regelverk som vi forvaltar.
Policyen gjeld når Luftfartstilsynet må ta i bruk verkemiddel som ikkje vert omfatta av den ordinære tilsynsprosessen, og der råd, rettleiing og informasjon ikkje er tilstrekkelege tiltak.
Dokumentet vert supplert med interne prosedyrar for handtering av brot på regelverket.
Målsetjing
Gjennom effektiv og målretta innsats skal vi sikre at aktørane i luftfarten etterlever regelverket og bidra til ein sikker luftfart med like konkurransevilkår. Innsatsen vår skal bidra til å forme normer og skape positive haldningar.
Når brot på regelverket vert avdekt, skal vi reagere raskt og velje ein reaksjon som står i forhold til brotet.
Vi skal opptre profesjonelt ved å behandle sakene i tråd med forvaltningsretten og nytte grunnleggjande omsyn for luftfarten i saksbehandlinga, slik at vi styrkjer omdømmet vårt som luftfartsstyresmakt.
Grunnleggjande omsyn
Forvaltningslova, luftfartslova og andre saksbehandlingsreglar legg rammene for korleis vi skal løyse oppgåva med oppfølging av brot på regelverket. Ved bruk av administrative verkemiddel og straff som ledd i arbeidet med flytryggleiken, må reaksjonane ha ein førebyggjande effekt.
Ved bruk av slike verkemiddel skal informasjon om avgjerda vår normalt vert offentleggjord.
For luftfarten er det nokre omsyn som må viast spesiell merksemd.
- Flysikkerhet
Luftfartstilsynets behandling av regelbrot skal påverke aktørane i luftfarten til å etterleve regelverket. Vi har som mål at avgjerdene våre ikkje får negative konsekvensar for arbeidet med flytryggleiken. - Rapportering av luftfartsulykker
I luftfarten har aktørane i mange tilfelle plikt til å rapportere om ulukker og hendingar. Den som rapporterer er gitt eit sterkt vern mot at informasjonen som vert gitt blir brukt til straff og administrative verkemiddel. Tilgang på informasjon om ulukker og hendingar er viktig for å kunne analysere trendar og lære av feil. Men den som opptrer grovt aktlaust eller forsettleg bryt regelverket, nyt ikkje eit slikt vern.
Luftfartstilsynet har plikt til å gjennomføre ein grundig analyse av informasjon som vi får gjennom lovpålagd rapportering, slik at oppfølginga vår ikkje får ein utilsiktet negativ effekt på viljen til å rapportere. - Human factors
Brot på luftfartslovgivinga kan kome av ei rekkje omstende, både påverknad frå omgivnadene og faktorar ved personen sjølv. Ved val av reaksjon skal det takast omsyn til årsakene til regelbrotet, graden av skuld hos den ansvarlege, haldningar og forbetringspotensialet, den objektive grovskapen til handlinga og potensialet for skade.
Brot på regelverket som er gjort av enkeltpersonar kan kome av systemiske feil eller manglar i verksemda dei opptrer på vegner av. Vi skal identifisere slike feil og vurdere reaksjonar overfor verksemda som eit alternativt tiltak mot enkeltpersonar.
Reaksjonsformer
I tilfelle der pålegg eller påbod ikkje vert etterkomme, skal vi vurdere å gi tvangsmulkt for å motivere til etterleving av pålegget. Der nokon har brote ei plikt eller eit forbod, skal vi vurdere bruk av straffegebyr.
Ved dei mest alvorlege regelbrota eller der andre verkemiddel ikkje er eigna, skal saka meldast til politiet.
Ved bruk av desse reaksjonane skal det samtidig vurderast tilbakekalling av rettar og løyve.